Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det Bjørn Wilhelmsen refererer til i opplæringslova §11-2 fjerde ledd og §11-11 er heilt korrekt.
Ein kan med lova i handa bruke ukvalifisert personell til å undervise i skulen, men berre i midlertidige stillingar. Opplæringslova slår fast at alle som blir fast tilsette i undervisningsstilling i grunnskulen skal ha pedagogisk bakgrunn, i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanningane eller ha tilsvarande pedagogisk kompetanse, for å bli tilsett som lærar (forskrift til opplæringslova § 14-1).
Undersøkinga til Utdanningsforbundet som vart gjennomført i veke 48 viste at nesten 25% av timane vart gjennomført av ukvalifisert personell, eller at ikkje vart gjennomført undervisning i det heile teke. Er dette noko som vi ønskjer å vere kjend av? La oss bruke tala frå veke 48. 25 % av undervisninga i skulen skjer utan læraren til stades. Vi har 190 skuledagar i eit skuleår. 25% utgjer 47,5 dagar av skuleåret. Det er 475 av 1900 dagar i grunnskulen der elevane ikkje har kvalifisert lærar. Det er over 2 år av grunnskuleløpet. Dette er ei alvorleg utfordring for kommunen.
For å vere kvalifisert lærar, må ein ha fullført ein av dei åtte godkjente lærarutdanningane. Det jobbast politisk med å skjerpe inn krava til det å bli tilsett som lærar. Tidlegare i haust uttalte Tonje Brenna at det vart jobba med å lovfeste kravet om at framtidas lærarar må ha lærarutdanning for jobben. Den nye Opplæringslova som gjeld frå august 2024 vil ha skjerpa krav til kven som kan bli tilsett som lærar i skulen.
Hovudtillitsvalde i Utdanningsforbundet Kinn meiner det er bekymringsverdig at lærarane ikkje blir anerkjent for sin kompetanse. Det er så mykje meir enn relasjonskompetanse og litt fagleg rettleiing som skal til for å kunne kalle seg lærar. Lærarar i skulen har pedagogisk og fagleg utdanning, frå høgskule eller universitetsnivå. Dette er høgare utdanningar som skal kvalitetssikre eit fagleg nivå hos lærarane. Vi vil påstå at det er brei einigheit om kva krav som ligg i botn for å kunne kalle seg for lærar. På bakgrunn av dette meiner vi at «Berre lærarar er lærarar».
Vi står med andre ord overfor store utfordringar knytt til rekruttering av godkjente og kvalifiserte lærarar. Med tanke på søkjartala til lærarutdanningane denne hausten, blir ikkje utfordringane mindre i framtida.

Kjære arbeidsgjevar, som har tilsette i skulen!

Kjære foreldre som har barn i skulane i Kinn!

Kjære Utdanningsforbundet, foreldre og tilsette i Kinn-skulen
