- Før var det rift om lærlingplassane, no er det rift om lærlingane

Har valt motstraums: Markus Hoff Sørdahl (t.h.) er lærling hos Florø Restaurantdrift, medan Ling Ji Zeng er ferdig utdanna og har fått jobb same stad. I midten John Ove Grov frå Opplæringskontoret for hotell- og matfag, som reiser rundt og sjekkar korleis lærlingane har det på sine arbeidsplassar, og som promoterer yrket på ulike utdanningsmesser. Han strekar under at om ein byrjar på restaurant- og matfag, er det lærlingplassar å få, noko også Terje Andersen i Florø Restaurantdrift bekreftar: – Vi kunne tatt inn tre stykker med ein gong.Foto: Liv Standal

Har valt motstraums: Markus Hoff Sørdahl (t.h.) er lærling hos Florø Restaurantdrift, medan Ling Ji Zeng er ferdig utdanna og har fått jobb same stad. I midten John Ove Grov frå Opplæringskontoret for hotell- og matfag, som reiser rundt og sjekkar korleis lærlingane har det på sine arbeidsplassar, og som promoterer yrket på ulike utdanningsmesser. Han strekar under at om ein byrjar på restaurant- og matfag, er det lærlingplassar å få, noko også Terje Andersen i Florø Restaurantdrift bekreftar: – Vi kunne tatt inn tre stykker med ein gong.Foto: Liv Standal

Artikkelen er over 1 år gammel

UTDANNING: For ti år sidan hadde Sogn og Fjordane seks klassar med unge som ville arbeide med mat. I dag er talet tre.

DEL

Det betyr at John Ove Grov, dagleg leiar på opplysningskontoret for hotell- og matfag har adskilleg færre å sjå til enn før.

– Det er vanskeleg å seie noko om grunnen til at det har blitt slik. Men i ein periode no har det vore lite fokus på yrkesfag, og i same periode har det vore lett å få jobb i oljen, seier Grov forsøksvis.

Han håpar dei unge skal få augo opp for at dette er eit yrke der ein kan få brukt kreativiteten sin, der det både er lett å få seg jobb og å gå vidare og spesialisere seg, om ein ønskjer det.

Fagbrev er lik jobb

– Dersom ein gjennomfører læretida og står med fagbrev i handa, blir ein gjerne avdelingsleiar, for norske hotell vil ha norske leiarar, slik er det berre, peikar han på.

Grov har mange år bak seg i kokkeyrket sjølv, og seier det kom eit skifte på starten av 2000-talet.

– Då blei det vanskeleg å få tak i norske kokkar, og dei som kom hit frå utlandet då, har gjerne blitt her.

Terje Andersen frå Bistro To Kokker, som står bak mellom anna Hjørnevikbua og kjøkkenet på Flora samfunnshus, seier dei har plass til fire lærlingar. For tida har dei ein.

Før var det rift om lærlingplassane, no er det rift om lærlingane.

Terje Andersen, Bistro To Kokker

– Før var det rift om lærlingplassane, no er det rift om lærlingane. Dette har vore diskutert mykje, i ulike fora. Det kan handle om arbeidstid, det kan handle om status og løn, filsosoferer han, og hugsar at då han sjølv utdanna seg til kokk på 80-talet, måtte dei aller fleste ut av fylket for å få lærlingplass.

Andersen seier dei også merkar svingingane når det går kokkeprogram på TV.

– Når det har blitt vist gode kokkeprogram, kan det gi fleire kokkar og omvendt når Hell's Kitchen og Gordon Ramsey har vore på.

Han seier at dei kunne tatt inn tre lærlingar nokså kjapt, om dei berre fann dei.

– Det kunne vi, sidan vi berre har ein no.

Blei inspirert av film

Og den eine, det er Markus Hoff Sørdahl, som John Ove Grov er ute og besøker denne vinterdagen. Markus har til gjengjeld reist langt for å få den utdanninga han ønskjer seg, frå Valdres som han er.

– Men der eg kjem frå var det berre lærlingplassar på institusjonar, og så har eg besteforeldre her i Florø, så då var valet lett, smiler han.

Han har ingen kokkar i slekta, men seier han vart inspirert av animasjonsfilmen «Rottatouille» om ei lita rotte som ender som meisterkokk.

– Eg syntes det å lage mat såg kjempespennande ut. Og frå 9. klasse fekk vi reise til den vidaregåande skulen på Leira og bruke kjøkkenet der. Vi lagde enkle rettar, men fekk prøvd oss litt. Eg synes det er kjempekult å lage mat! seier han og er tydeleg på rett stad.

Om han kan velje etter endt læretid, vil han jobbe på ein à la carte-restaurant. Og så:

– Så vil eg ta sikkerheitskurs og prøve å komme meg i Nordsjøen!

– Vi må forsøke å få dei unge til å søke på skulen, for i andre enden er det læreplassar nok, strekar Grov under.

Går ein inn på NAV sine nettsider, ser ein at det er nett no er 125 ledige stillingar som kokk, 21 som kjøkkensjef og 7 som institusjonskokk. Det er altså jobbar nok, òg.

Grov er på utdanningsmesser og presenterer yrket der, og meiner dei gjer ein stor jobb for å vise fram faget. Sjølv er han arveleg belasta når det gjeld val av yrke, og han synes han har hatt ein spennande, kreativ og ikkje minst sosial arbeidsplass.

– Yrket kan gå ut over armar og bein, men i mange tilfeller går ein over i andre delar av bransjen når ein blir eldre. Då held ein ut lenger, og snittalderen i yrket er ganske høg.

Artikkeltags