Elevane i fylket har det lågaste fråværet i landet

Frida Melvær, Høgre

Frida Melvær, Høgre

Artikkelen er over 1 år gammel

Elevane i Sogn og Fjordan har det lågaste fråveret i landet. Stortingsrepresentant Frida Melvær meiner ei god skule og fråværsgrensa gir resultat. 

DEL

Utdanningsdirektoratet offentleggjorde tysdag mellombelse tal for fråvær i den vidaregåande skulen. Fråværet held seg stabilt, etter at det gjekk kraftig ned då fråværsgrensa vart innført for to år sidan.

- Fråværet i skulen gjekk ned 40 prosent nasjonalt då fråværsgrensa vart innført. Den positive utviklinga held fram. Det syner at innføringa av fråværsgrensa var rett, meiner stortingsrepresentant Frida Melvær frå Høgre.Sogn og Fjordane har det lågaste fråværet i landet. Dagsfråværet er 5,1 dagar i gjennomsnitt, medan timefråværet er 13,6 timar. Mediantalla er endå lågare.

- Eg jublar for elevane i Sogn og Fjordane. Dei gjer ein solid innsats på skulen, og det lovar godt at dei følgjer undervisninga, seier Melvær.

Ho meiner at ein god skule med lærarar som gir elevane mestringskjensle er viktig.

- Ein god skule starter med fagleg dyktige lærarar. Difor har Høgre i regjering gitt vidareutdanning til 20 000 lærarar. Vårt arbeid med å styrke kompetansen i skulen held fram, og med fråværsgrensa sørgjer vi også for at elevane er til stade i undervisninga, seier Melvær.

Melvær lovar tidleg innsats for dei som nettopp har begynt på skulen.

- For ei veke sidan starta mange born si skulegong her i fylket. Vår jobb framover blir å satse på tidleg innsats i skulen i lesing, skriving og rekning. Det vil gje elevane eit godt utgangspunkt for resten av utdanninga og yrkeslivet, avsluttar Melvær. 

Fakta:

· Fråværet held seg stabilt, og er framleis 40 prosent lågare samanlikna med før fråværsgrensa vert innført.

·  Ein elev i vidaregåande skule har i gjennomsnitt 6,2 dagar og 17,2 timar fråvær. I Sogn og Fjordane er tala 5,1 dagar og 13,6 timar. Mediantalla er lågare og likare, men også i median er timefråværet lågare enn det nasjonale nivået.

· Timesfråværet har gått litt opp frå førre år, men er fortsatt langt lågare enn før fråværsgrensa vert innført.

Artikkeltags