Fleire unge vil dyrke havet

Fruktbart hav: Sjømøatnæringa veks til smått utrulege dimensjonar, og no vil fleire jobbe innanfor oppdrett og fiskeri. – Det er lett å få lærlingplass og ein ender opp i godt betalte jobbar, seier rådgjevar John Heimvik ved Måløy vidaregåande skule.arkivfoto

Fruktbart hav: Sjømøatnæringa veks til smått utrulege dimensjonar, og no vil fleire jobbe innanfor oppdrett og fiskeri. – Det er lett å få lærlingplass og ein ender opp i godt betalte jobbar, seier rådgjevar John Heimvik ved Måløy vidaregåande skule.arkivfoto

Artikkelen er over 2 år gammel

Utdanningane til havbruk og fiskeri har ikkje opplevd større interesse sidan 90-talet.

DEL

UtdanningDen gongen hadde vi to vg1-kurs, seier han.

Lett lærling-match

I åra fram til i dag, har det vore ein klasse. Nokre gongar har det mangla eit par elevar på fulltallig klasse, men stort sett har den vore full. Skulen i Måløy er åleine om å tilby dei såkalla blå linjene innanfor naturbruk-faget, medan Mo og Øyrane vidaregåande skule har dei grøne linjene, innanfor jord- og skogbruk.

"Det er første gong sidan 1990-talet at interessa er så stor."

John Heimvik

rådgjevar, Måløy vidaregåande

I dag er det ein klasse med 12 elevar på Måløy vidaregåande, men ettersom søkinga var så stor i fjor, valde ein å utvide klassen med to elevar, slik at det no er 14 som skal velje vidare løp i desse dagar.

– Og endå måtte vi avvise i allfall fire-fem stykker som kontakta oss ut over hausten, fortel Heimvik.

Eventyrleg vekst

Han trur det har med nedgangen i oljenæringa å gjere, noko som også har vorte brukt som forklaring på at mange fiskebåtar opplever stor søking.

Men det er ikkje den einaste grunnen:

– Det har vore ein eventyrleg vekst i sjømateksporten med ny rekord i år igjen, og det er spådd at dette vil bli den nye framtidsretta næringa. Dessutan er det lett å få læreplass, og ein ender opp i godt betalte jobbar.

Måløy har to vg2-klassar: Fiske og fangst, og akvakultur, og det er altså ikkje noko problem for elevane her å skaffe seg ein læreplass.

– Vi har fått alle våre elevar ut i lære så lenge vi har halde på med dette, sler han fast.

Det er moglegvis noko av grunnen til at alle dei 14 som i fjor haust fekk plass på naturbruk-linja, vil søke seg vidare anten innanfor fiske og fangst eller akvakultur til hausten. Faktisk er det også slik at dei elevane frå maritim linje som tidlegare har vore utplasserte på supplybåtar i oljeindustrien, no vert utplasserte på fôrbåtar og brønnbåtar i oppdrettsnæringa.

– Fleire lærlingar - ja takk!

Frode Sandvik er områdesjef for Sogn og Sunnfjord i Marine Harvest.

– I mitt område har vi i dag to lærlingar, ein taf-lærling (som tek både fagbrev og studiekompetanse parallellt, journ. anm.) og ein vidaregåande-elev som er utplassert. Men vi ønskjer oss endå fleire lærlingar, for vi ser på det som ei god form for rekruttering, så vi er klare til å ta i mot, forsikrar områdesjefen.

"At det kjem fleire med kompetanse er flott for oss og for heile næringa."

Frode Sandvik

områdesjef Marine Harvest

 

– Så bra, kjempeflott! er reaksjonen hans når han får høyre at søkinga til den blå naturbruk-linja har gått opp.

– Dei siste to åra har vi tilsett mykje folk og det å finne fagutdanna folk innan akvakultur er utfordrande, så at det kjem fleire som fakisk har kompetanse er flott for oss og for heile næringa, konstaterer Sandvik.

Artikkeltags