Usikker på om du er forkjøla eller har fått covid-19? Testing og tydelege instruksar skal hjelpe ein kvar som er i tvil.

Frå 25. mai vert testkapasiteten i Helse Førde meir enn dobla. Då kan alle som lurar på om dei er smitta av koronaviruset bli testa. Å raskt plukke opp og stoppe nye smittetilfelle er eitt av fleire tiltak som skal sikre at nye smittebølger ikkje slår inn over regionen.