Gå til sidens hovedinnhold

Usikker på kva du skal stemme? Test Firdaposten sin valgomat

Valkampen er over oss. Saman med dei andre Amedia-avisene har vi laga ein valgomat som kan hjelpe deg med å finne ut kva parti du skal stemme på. Den kan du prøve her.

I haust skal det settast saman eit nytt storting av folkevalde politikarar. Valkampen er i gang, og kampen om stemmene hardnar til.

Valgomatar har blitt ein del av valkampen, og eit kjent konsept for norske veljarar. I vår versjon får du 25 spørsmål frå ulike deler av det politiske landskapet. Svara som du gir på spørsmåla viser kva parti du er mest einig med.

Dette er eit stortingsval. Dermed er det naturleg at dei aller fleste spørsmåla er nasjonale.

Men kan ein stole på valgomaten?

– Valgomaten er eit hjelpemiddel, men kanskje ikkje ein fasit. Ein kan alltid diskutere kva spørsmål som er med, og om dei er vekta rett. Men ein peikepinn gir dei nok. Valforskar Bernt Aardal sa før valet i 2019 at valgomatane har blitt betre, og er viktige for kva folk stemmer på. Det er nok minst like rett i år, seier journalist Arne Hjorth Johansen, som har gjort Valgomaten klar for Firdaposten.

Her er vår valgomat:

Valgomaten vår er avgrensa til dei partia som allereie er på Stortinget.

I Sogn og Fjordane er det åtte parti som ikkje er på stortinget, men stiller liste ved årets val. Dei finn du her, med link til deira partiprogram. Unntaket er Alliansen, som verken har eit tradisjonelt partiprogram, eller oppdaterte nettsider. Ved stortingsvalet i 2017 var alle kandidatane deira fristilt i alle spørsmål unntatt eitt: Nei til EØS og Schengen.

Alliansen – Alternativ for Norge

Liberalistane

Helsepartiet

Demokratene

Partiet De Kristne

Pensjonistpartiet

Industri og næringspartiet

Partiet Sentrum

Kommentarer til denne saken