Beredskapsleiinga i Kinn melder at elevane ved Florø ungdomsskule og Vågsøy ungdomsskule ikkje skal møte måndag 4. januar 2021.

Elevane ved Eikefjord ungdomsskule skal møte måndag som normalt.

Regjeringa meldte tidlegare søndag kveld at alle vidaregåane skular og ungdomsskular går over til rødt nivå.

Det betyr ei anna organisering av skuledagen. Det vert nye krav til avstandar og grupper. Det vil skulane bruke måndagen til å planlegge.

I løpet av måndag 4. januar vil det kome informasjon til den enkelte elev og foreldre om korleis ungdomsskulane vert organisert frå tysdag 5. januar.

Det vil også bli lagt ut informasjon på kommunen si heimeside.