BERGENSAVISEN: Tre veker før 50 Cent-konserten innførte arrangøren 18-årsgrense. Det får ungdommane som allereie har kjøpt billett til å fortvile, skriv TV 2.
For det vil bety at alle under 18 år må ha med seg ein verge.
Ein av ungdommane som uttaler seg til TV 2 seier blant anna:
– Dette er berre tull og burde vore informert om frå start. Billettane koster over 800 kroner. Vi rekna ikkje med at vi måtte kjøpe billettar til foreldrene våre.
Arrangøren TADC stadfestar at vergeordninga blei innført torsdag.
– Det er fortsatt 13 års aldersgrense, men dei under 18 år må ha med seg ein edru, myndig person per to personer under 18 år, skriv Jon Enger i TADC i en SMS til TV 2.