Det kom til handgemeng mellom to gutar på svartrussen sin dåp på Sørstrand i Florø fredag kveld. Politiet melde om bråket i 22-tida.

Vakthavande patrulje rykte ut til Sørstrand og fekk snakka med dei to. Situasjonen roa seg, og ingen av dei vil melde saka til politiet.

- Elles var det ei roleg og fin feiring. Russen oppførte seg fint, opplyser Operasjonssentralen i Sogn og Fjordane politidistrikt.