Jenter forgiftar seg med paracet

Folkehelseinstituttet blir stadig oftare kontakta sjølvpåførte paracetamol-forgiftingar blant jenter mellom 15 og 19 år.

Folkehelseinstituttet blir stadig oftare kontakta sjølvpåførte paracetamol-forgiftingar blant jenter mellom 15 og 19 år. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Folkehelseinstituttet er bekymra.

DEL

Folkehelseinstituttet blir stadig oftare kontakta om sjølvpåførte paracetamol-forgiftingar blant jenter mellom 15 og 19 år.

I fjor hadde Giftinformasjonen totalt 1.667 tilfelle der paracetamol vart registrert som hovudverkestoff. Det betyr at paracetamol er det einaste som er tatt, eller at det er vurdert som det mest problematiske verkestoffet ved blandingsforgiftingar.

– Godt over 200 av sakene galdt unge jenter, og tala aukar fra år til år. I 170 tilfelle vart det i fjor anbefalt å oppsøke sjukehus. Dette synest vi gir grunn til bekymring, seier avdelingsdirektør Mari Tosterud i Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet.

Tilfella om paracetamol hos ungdom mellom 10 og 19 år dreiar seg i stor grad om sjølvpåførte forgiftingar – det vil seie at det er tatt for å skade seg eller som rop om hjelp.

I 2016 var dette årsaka i 75 prosent av sakene i denne aldersgruppa – og talet har stege kraftig i løpet av dei siste åra.

Jenter er sterkt overrepresenterte i ungdomsgruppa ved sjølvpåførte forgiftingar med paracetamol. I fjor vart Giftinformasjonen kontakta over åtte gonger så ofte om sjølvpåførte forgiftingar med paracetamol hos jenter som hos gutar. (ANB-NTB)

Artikkeltags