Edru 17. mai-feiring står sterkt på ungdomsskulen

FLORØ: Etter 17 år med blås grønt-aksjon på nasjonaldagen, er oppslutninga blant dei unge i Florø sterkare enn nokon gong.

DEL

Det rusførebyggande samarbeidsprosjektet "Blås grønt" har vore ein stor suksess sidan starten i Florø i 2002. Tiltaket for å halde tiandeklassingane borte frå alkohol natt til 17. mai har vore ein sterk bidragsytar til gode rammer rundt nasjonaldagsfeiringa, slår Flora ungdomsskule-rektor Kari Vårdal fast i ei pressemelding frå skulen.

Mange debuterer

- Mange opplever eit sterkt drikkepress 16. mai, og vi veit at dett er ein kveld der mange i ulike aldersgrupper drikk alkohol for første gong. Vi ønskjer at "Blås grønt" skal vere eit alternativ til denne festkulturen, og vi ser at det fungerer godt, seier Kari Vårdal.

"Blås grønt" er eit tverretatlegsamarbeidsprosjekt mellom Flora ungdomsskule, Politiet, Florø Sanitetsforening og tenesta Kultur og fritid. Lions og Firdaposten har tidlegare vore viktige aktørar og samarbeidspartnarar i satsinga.

To grøne gir 10.000

Opplegget er ikkje komplisert: Alle tiandeklassingar møter på politistasjonen for å blåse grønt to gonger; først klokka ni på kvelden, deretter halv eitt på natta. Blir det to grøne rundar, er du med i trekninga om 10.000 kroner, fordelt på to prisar, ein til ei jente og ein til ein gut. Det er Sanitetsforeininga som er gåvmilde og står for pengepremien.

Dei siste åra har det vore nær hundre prosent oppslutnad blant tiandeklassingane for "Blås grønt". I år er det totalt 144 tiandeklassingar som har høve til å delta.

Artikkeltags