Tenåringar blir oftare enn før utsette for alvorleg vald som blir filma og så spreidd på nett. No lanserer politiet eit nytt opplegg retta mot denne gruppa.

Undervisningsopplegget til politiet, «DELE=DELTA», rettar seg mot ungdom mellom 13 og 18 år, som oftare enn før blir utsette for alvorleg vald som blir filma. Opplegget skal kunne brukast av alle som jobbar med barn og unge.

– Opplegget skal gjere at ungdom i heile Noreg får auka medvit og kunnskap om vald og valdsvideoar. Målet er å førebyggje deling av valdsvideoar i sosiale medium og å senke terskelen for å seie frå om ubehagelege hendingar ein blir utsett for, seier Kripos-sjef Kristin Kvigne i ei pressemelding.

Aukande problem

Blant barn og unge i alderen 13–18 år er ulovleg deling av valdsvideoar også eit aukande problem.

– Dei siste åra har alle politidistrikta sett ein auke av rivaliserande og valdelege konfliktar mellom ungdomsgjengar. Volden er grovare enn før, kjem i nye former, og skjer over heile landet, opplyser Kvigne.

Ei undersøking frå Medietilsynet i 2020 viser at tre av ti 13-18-åringar har sett innhald eller diskusjonar om planlegging av slåstkampar eller slåstkampar på nett.

Videoar kan utløyse ny vald

Ifølgje politiet florerer det av valdsvideoar på Tiktok, Snapchat, Instagram og Facebook. Deling medfører at konfliktar både blir foreviga og blir forsterka, og det kan utløyse nye valdshandlingar.

Politiet peikar på at sjølv om dei fleste ungdommar skjønner at det er dårleg gjort å filme og vidaresende valdsvideoar, veit dei ikkje at det faktisk er straffbart. I juni 2021 kom det ei lovendring som sikrar at all deling av krenkjande bilete er straffbart.

(©NPK)