Politikken til Høgre har svikta. I dag står 100 000 under 30 år heilt utanfor både arbeid og utdanning. I det siste året har vi møtt fleire av dei. Nokon kallar dei for brukarar. Men dette handlar om menneskjer.

Gjennom åtte år med Erna Solberg har talet på unge uføre blitt dobla. Tida går skremmande sakte når du blir ståande igjen åleine. No må fleire få den hjelpa dei treng. Når Arbeidarpartiet og Senterpartiet prioriterer 1 milliard kroner til dette, så er det verdt kvar einaste krone.

Har du det bra, så gjere du det betre. Det må gjerast meir på psykisk helse. Vi kan alle komma i ein situasjon der børa blir for stor. Når tankane blir så tunge at du mistar nattesøvnen er det avgrensa kor mykje trygghet og omsorg du kan få med google-søk og chat-robotar. Det du treng er fagfolk som har tid til deg.

Derfor er det godt nytt at Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil bruka 300 millionar kroner meir på psykisk helse. Har du det bra med deg seg sjølv, så kjem du lettare tilbake i både livet og arbeidslivet.

Treng du påfyll, så skal du få det. Manglar du utdanning, så er det vanskelegare å få eit fotfeste i arbeidslivet. Når arbeidslivet blir stadig meir spesialisert, så er det ikkje nok med cv-kurs. No vil fleire få moglegheita til utdanning og enkeltkurs. Det betyr at fleire unge kan lære seg noko som er nyttig for både dei sjølv og den framtidige arbeidsplassen.

Statsbudsjettet legg også opp til at fleire kan ta fagbrev i arbeid. Det er både bra og fornuftig. Samtidig vil eldre ungdommar enn tidlegare få hjelp frå ein rettleier i oppfølgingstenesta. Det er ei prioritering som kan bety mykje for den enkelte.

Tettare oppfølging gir resultat. Vi treng fleire tilsette som kan hjelpe den enkelte. Derfor støttar vi heilhjerta opp om at Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil bruke 175 millionar meir til å tilsette fleire folk på Nav-kontora sånn at dei som er under 30 år kan få tettare oppfølging til å kome i arbeid.

Ein annan ting som er etterlengta, er at dette statsbudsjettet òg vil gjera det mogleg for fleire unge uføre å kombinera trygd og arbeid. Arbeid jamnar ut økonomiske og sosiale forskjellar, og gir fleire ein moglegheit til å tenka på framtida.

Helse, utdanning og arbeid heng saman. Den sosialdemokratiske arbeidslinja skal handla om moglegheiter. Ikkje om den borgarlege pisken eller stigmatiserande flosklar om at «folk må slutte å vera så late».

Helse, utdanning og arbeid heng saman. Når Arbeidarpartiet og Senterpartiet no vil prioritere 1 milliard til dette, så meiner vi det er verdt kvar einaste krone.