Ung mann krasja inn i fjellveggen på E39

MANUELL DIRIGERING: Det pågår no manuell dirigering på ulykkesstaden.

MANUELL DIRIGERING: Det pågår no manuell dirigering på ulykkesstaden. Foto:

Politiet driver manuell trafikkdirigering ved Bekkjevatnet etter at ein bil køyrde inn i fjellveggen.

DEL

FIRDA: Klokka 16.47 søndag fekk politiet inn melding om at ein bil hadde køyrt inn i fjellveggen ved Bekkjevatnet, retning Førde.

– Det var ei singelulykke der føraren køyrde inn i fjellveggen, og snurra rundt, opplyser operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Tatjana Knappen.

Føraren, som er ein ung mann, hevdar seg uskadd. Han har fått sjekk av ambulansepersonell på staden. Bilen har større materielle skader.

– Bilen er ikkje køyrbar, seier Knappen.

Politiet veit ikkje om årsaka til ulykka, men opplyser om at det ikkje er snakk om promillekøyring.

– Førar har blåst til 0,0, fortel Knappen.

Artikkeltags