Gå til sidens hovedinnhold

Undersøkjer menstruasjonsforstyrringar etter koronavaksine

Folkehelseinstituttet (FHI) skal undersøkje om det er ein samanheng mellom koronavaksinar og blødingsforstyrringar.

Fleire kvinner har meldt om menstruasjonsforstyrringar etter å ha fått koronavaksine.

– Førebels veit vi ikkje sikkert om menstruasjonsforstyrringar eller underlivsblødingar etter overgangsalderen opptrer hyppigare etter vaksinasjon enn normalt. Dette er det viktig å finne ut av, og vi jobbar no med å skaffe kunnskap om dette gjennom analysar av data som Folkehelseinstituttet har samla inn i fleire norske befolkningsundersøkingar, seier lege Lill Trogstad i ei pressemelding frå FHI.

Den europeiske legemiddelstyresmakta EMAs komité for legemiddelovervaking (PRAC) har diskutert biverknadsmeldingar om menstruasjonsforstyrringar. Dei har konkludert med at det ikkje er ein årsakssamanheng, men at situasjonen bør overvakast, skriv Dagens Medisin.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken