To kvinner døydde etter å ha blitt påkøyrde på gangveg

Av

NORDFJORDEID/MÅLØY: Ein bil køyrde av vegen og og inn på ein gangveg. To kvinner vart trefte og er erklært omkomne av lege.

DEL

Vegtrafikksentralen Vest melde torsdag kveld like over klokka 21.00 at rv. 15 ved Kjølsdalen mellom Måløy og Nordfjordeid er stengt grunna eit trafikkuhell. Alarmsentralen i Florø fortalde Firda kort tid etter ulykka at det var snakk om ei alvorleg trafikkulykke.

To kvinner omkomne

I ei pressemelding som vart sendt ut frå Vest politidistrikt seinare torsdag kveld pressemelding at bilen har køyrt ut av vegbana og opp på ein gangveg som går ned til vegen. To kvinner er påkøyrt av bilen, og begge er erklært døde av lege på staden.

Ifølgje politiet meinar dei å kjenne identiteten på dei to omkomne, og det blir jobba med å varsle dei pårørande.

Førar lettare skadd

Føraren av bilen er lettare skadd, og han blir teken hand om av helsepersonell.

Ifølgje politiet blir føraren rutinemessig sjekka for ruspåverknad. Det vil vidare bli vurdert om han er i stand til å la seg avhøre torsdag kveld.

Kriminalteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Vegvesenet vil gjere undersøkingar på ulykkesstaden torsdag kveld.

Lensmann: – Liva stod ikkje til å redde

Lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, fortel til Firda at dei pårørande er varsla.

Han fortel at Statens vegvesen si ulykkesgruppe er på staden. Kriminalteknikar er sendt frå Førde, og er venta på staden seinare.

Det blir no arbeida med å gjere avhøyr og undersøkingar på staden.

Hvattum fortel at bilen som trefte dei to damene på gangvegen, kom køyrande austover, frå Måløy, mot Nordfjordeid.

– Det vart forsøkt livredning på staden, men liva stod ikkje til å redde, seier lensmannen.

Vegen er framleis stengt på staden, og ifølgje Hvattum vil den truleg bli stengt i fleire timar.

– Det vil den nok, kriminalteknikaren frå Førde er jo venta først om ein time, seier lensmannen klokka 22.41

Artikkeltags