Namna på dei omkomne er frigitt

Politiet gjekk fredag ut med identiteten på dei to omkomne kvinnene i trafikkulykka i Kjølsdalen.

DEL

Det var den 63 år gamle kvinna Anne Elise Sæthre og den 57 år gamle kvinna Marit Johanne Røed Sundal som omkom i trafikkulykka på rv 15 i Kjølsdalen i Eid kommune torsdag kveld.

Begge var busette i Kjølsdalen.

Politiet held framleis på med taktisk og teknisk etterforsking i saka.

- Pårørande til dei omkomne er varsla og namna til dei omkomne vert frigjort etter samtykke frå familiane.

Det opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit,

Artikkeltags