Bil i fjellveggen i Bremanger

Artikkelen er over 1 år gammel

Politi og ambulanse rykte fredag ettermiddag ut etter melding om trafikkulykke ved Dyrhamrane i Bremanger.

DEL

Ein bil hamna fredag i fjellveggen ved Dyrhamrane på Kjelkenes utanfor Svelgen.

– Politi og albulanse er på veg til staden, meldte Vest politidistrikt på Twitter kl. 14.20 fredag ettermiddag.

Det var to vaksne og to barn i bilen.

Ambulansepersonell på staden meldte etter kort tid at det ikkje var alvorlege skader på dei involverte personane.

– Det er meldt om høvesvis magesmerter og smerter i ein skulder på to av dei involverte personane. Dei får tilsyn av ambulansepersonell på staden, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Bilen skal ha fått sleng og hamna med fronten i fjellveggen, ifølgje politiet.

Artikkeltags