Bil med to personar i tekne av ras i Stryn

Artikkelen er over 1 år gammel

STRYN: To personar hamna midt inni eit ras onsdag morgon.

DEL

Ein personbil med to personar i, blei tekne av eit stein- og jordras i Stryn på fv. 15 ved Fosnes ved Oppstrynvatnet onsdag morgon.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 05.57. Raset skal vere 15 meter breitt. 

– Personane i bilen greidde å kome seg ut av køyretøyet. Dei skal vere uskadde, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda.

Jordras og steinras på fleire vegar i fylket 

Vegen er stengt ved staden og politiet er på veg.

– Vegtrafikksentralen sender også ut folk. 

– Er det tekne fleire personar av raset?

–Nei, ifølge dei to personane som var i bilen, var dei sikre på at det ikkje var fleire som var tekne i raset, seier Algrøy. 

Politiet har ikkje informasjon om alder og kjønn på dei to personane i bilen.

Vegtrafikksentralen ventar på tilbakemelding på entreprenør på kor stort raset er og kor tidkrevjande det blir å rydde det.

Artikkeltags