Ein person død etter fallulykke på Hovden

FLORA: Ein person mista livet etter ei fallulykke på øya Hovden onsdag.

DEL

Hovudredningssentralen i Sør-Norge meldte på twitter tysdag ettermiddag at det hadde skjedd ei fallulykke på øya Hovden vest for Florø. Redningshelikopteret var raskt på veg til staden.

Det var klokka 15.00 onsdag at HRS fekk melding om fallulykka.

– Vi bistår med redningshelikopter i frå Florø, og det er politiet som koordinerer dette. Det ser uavklart ut førebels, seier HRS på telefon i frå Stavanger.

Vi fekk kontakt med politistasjonssjef i Florø Wenke Hope som fortel politiet er på plassen både med båt og Helikopter i frå redningsbasen i Florø.

Politiet fekk melding om lag klokka 14.58 skriv Firda. Meldinga kom via AMK-sentralen om ein fallulykke ved Domba på øya Hovden.

Lege var på staden klokka 15.25, og livreddande tiltak blei sette i verk, men personen blei erklært død på staden.

Politiet er på øya, og har sette i gong undersøkingar. Årsaka til ulykka er førebels ukjend.

Politiet ønsker ikkje å opplyse om alder eller kjønn på noverande tidspunkt, all den tid pårørande enno ikkje er varsla.

Artikkeltags