Bilulykke i Brandsøy

DEL

16.39 fredag ettermiddag fekk naudeteatane melding om ei trafikkulykke på riksveg 5 mellom Florø og Brandsøy. Brannmannskap var raskt på staden, men måtte vente til politiet kom vel 17.10 før dei kunne gjere noko med bilen som sperra vegbana.

Bilen med den kvinnelege føraren kom køyrande vestover. Det er uklart kva som skjedde, men bilen har vore utfor vegen på høgresida og køyrd inn i fjellveggen, før den har skjena over i det motsatte køyrefelt der den stoppa.

- Bilen har ikkje hatt stor fart, for den stoppa fort. Føraren verkar ikkje skadd, og det var heller ingen andre involverte i ulykka, seier skadestadsleiar Pål Eielsen i Flora brannvesen.

Artikkeltags