Arbeidsulykke i Gunhildvågen - mann henta med ambulanse

FLORØ: Det har vore ei arbeidsulykke på ein fabrikk i Gunhildvågen i Florø.

DEL

Politi og ambulanse rykte i 11.30-tida ut etter melding om arbeidsulykke på ein fabrikk i Gunhildvågen.

Ein mann i 30-åra skal ha ramla og slått hovudet. Mannen vart henta med ambulanse.

– Skadeomfanget er ukjent, men mannen var bevisst og oppegåande, melder Vest politidistrikt på twitter klokka 14.20 søndag.

– Vi har avhøyrd vitne på staden, og opprettar sak, seier politiet.


Artikkeltags