To hardt skadde etter frontkollisjon i Eikefjord

Fleire av dei skadde blei frakta bort i helikopter.

Fleire av dei skadde blei frakta bort i helikopter. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Klokka 17:57 kunne Helse Førde AMK melde at av dei to personane som vart sendt til Haukeland Universitetssykehus med alvorlege skader, er den eine personen i ulykka ikkje lenger livstruande skadd. Status for den andre med alvorlege skader er enno ukjent.

Dei to alvorleg skadde var ei kvinne og ein mann 50-åra. Ei tenåringsjente og ein mann i 50-åra er mindre skadde etter ulukka.

Ulukka

Politiet, tre ambulansar, to luftambulansar og brannvesen rykte ut til ei ulykke i Eikefjord på rv.5 i Kvalvika klokka 13:35. Området blei avsperra og vegen inntil vidare vart stengt for trafikk. 

Innsatsleiar brann, Eivind Ask frå Flora brannvesen,  informerer at det var minst to hardt skadde. Totalt var det fire skadde, to av dei blei sendt til Haukeland Universitetssjukehus. Ein person med Helse Førde sitt ambulansehelikopter og ein med redningshelikopteret frå basen i Florø.

Firdapostens journalist på staden observerte at særleg den eine bilen hadde store skader på frontpartiet. Alle kollisjonsputer ser ut til å ha fungert som dei skal. Vegen på staden var bar, med våt asfalt. Det var ikkje særleg glatt køyrebane. 

Uviss årsak

Kva som er årsaka til ulykka er for tidleg å stadfeste, men sidan det var ei bein strekning tofeltsveg og køyretilhøva var relativt gode, tyder det på at den eine bilen uventa må ha kome over i feil køyrefelt av ei eller anna årsak. Kva det er, kan ikkje politiet stadfeste. Det var fleire vitne til ulykka.

Laurdag ettermiddag fortalte politiet at dei er i gong med å avhøyre vitne som har observert ulukka.

Det var frå kl. 15.30 manuell dirigering av trafikken på ulykkesstaden og oppryddingsarbeidet var i gang.

Artikkeltags