Ordføraren var sjølv vitne til ulykka. – Eg er imponert over kor godt naudetatane samarbeidde

NÆR PÅ ULYKKA: Olve Grotle kom køyrande frå Førde og kom tett på ulykka på rv. 5. Bildet er hans eige frå ulykkesstaden.

NÆR PÅ ULYKKA: Olve Grotle kom køyrande frå Førde og kom tett på ulykka på rv. 5. Bildet er hans eige frå ulykkesstaden. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Olve Grotle vart førstehandsvitne til kor viktig rask hjelp er etter ei trafikkulykke. Onsdag rosa han alle som hjelpte til.

DEL

– Det slo meg kor godt dei samarbeidde, og kor stor vilje det var til å berge liv, seier Olve Grotle til Firda.

Grotle var i ein av dei første bilane som kom til ulykkesstaden i Eikefjorden, der to bilar frontkolliderte på rv. 5 den 30. desember.

Sterk oppleving

Førde-ordføraren legg ikkje skjul på at det var ei sterk oppleving å vere vitne til, og onsdag delte han også frå opplevinga i eit Facebook-innlegg.

«Det er stille på ein ulykkestad, frykteleg stille. Derfor var det lett å høyre når det gule ambulansehelikopteret kom i stor fart frå Førde. Like lett var det å sjå lettelsen i alle ansikta når helikopteret hadde landa på riksvegen, og redningsmannskapa sprang ut. På dette tidspunktet var Flora brannvern frå Eikefjord kome fram, og var i gang med å klippe opp fastklemde bildører.» skriv Grotle.

(Heile innlegget til Grotle kan du lese nedst i saka).

Imponert over innsatsen

Grotle fortel at det livbergande arbeidet var i gang då han kom til staden, og at han ikkje sjølv skal ha noko honnør.

– Rosen må gå til dei som hjelpte til på ulykkesstaden. Eg er verkeleg sjå kva apparat vi har i berdskap her, og opp i alt det trasige eg såg så imponerte det meg, seier Grotle.

Noko av det sterkaste inntrykket han sat att med etter å ha vore nær på hendinga, var å sjå og høyre luftambulansen komme frå Førde.

– Det var ei sterk oppleving å sjå denne store, gule fuglen av ei maskin komme flygande. Eg og mange andre var letta då vi såg den, seier Grotle.

Fortalde om opplevinga til sjukepleiarstudentane

I innlegget sitt rosar han også dei frivillige som kom til med ei hjelpande hand på ulykkesstaden. Han vart sjølv vitne til korleis to sjukepleiarar meldte seg og tok seg av dei skadde.

Onsdag 3. januar var Grotle på plass på for å ønskje velkomne det nye kullet med sjukepleiarstudentar i Førde, og han nytta då høvet til å dele opplevinga si med dei.

Han fortalde dei at om nokre år ville dei også ha den kunnskapen og handlekrafta som skal til for å ta seg av hardt skadde personar, slik dei to frivillige sjukepleiarane gjorde.

– Framfor meg hadde eg dei som i framtida skal redde liv. Både i ulykker som dette, og gjennom pleie og omsorg. Dei er viktige, seier Grotle.

Her kan du lese heile innlegget til Grotle:

«HONNØR TIL ALLE HJELPARAR

For nokre dagar sidan kom eg over ei alvorleg trafikkulykke i Eikefjord, kor to privatbilar hadde frontkollidert. Då eg kom var andre trafikkantar alt i full sving med å hjelpe til, her medrekna gi livreddande førstehjelp. Sjølv om knapt nokon av trafikantane kjende kvarandre, var det imponerande å sjå kor godt samarbeidet fungerte, og ikkje minst kor sterk viljen til å redde liv var. Utøvinga av førstehjelpa fann stad under direkte kontakt med AMK-sentralen, og etter kort tid kom det til to frivillige sjukepleiarar som tok seg av den livreddande innsatsen.

Det er stille på ein ulykkestad, frykteleg stille. Derfor var det lett å høyre når det gule ambulansehelikopteret kom i stor fart frå Førde. Like lett var det å sjå lettelsen i alle ansikta når helikopteret hadde landa på riksvegen, og redningsmannskapa sprang ut. På dette tidspunktet var Flora brannvern frå Eikefjord kome fram, og var i gang med å klippe opp fastklemde bildører. Etter kvart kom alle nødetatar; politiet, redningshelikopteret frå Florø, og fleire ambulansar og brannbilar.

Etter stablisering av dei skadde, etter at helikoptera tok av til Bergen og Førde, og ambulansar køyrde bort, blei ulykkesstaden rydda og vegen opna for trafikk att.

Eg les i lokalavisene at to av dei som var innblanda i trafikkulykka framleis er alvorleg skadde, og eg håper det går bra med dei.

Det er på sin plass å gi honnør til dei frivillige trafikantane som deltok i hjelpearbeidet, og ikkje minst alle dei som kom frå nødetatane. Det var rett og slett imponerande å sjå kor stort og profesjonelt hjelpeapparat som blir sett i sving når ulykka er ute.

Då eg ønskte nye sjukepleiestudentar velkomen til Campus Førde i dag, starta eg med å fortelje det eg hadde opplevd. Og eg kunne seie at om nokre år har desse studentane òg den kunnskapen og handlekrafta som skal til for å ta seg av hard skadde personar, slik dei to frivillige sjukepleiarane gjorde. I ettertid har eg fått vite at det sat ein student i salen som sikkert hadde høyrt historia før, ho var nemleg søstera til ein av dei to frivillige sjukepleiarane. Ho hadde all grunn til å vere stolt av sjukepleiarsøstera si i dag.»


Artikkeltags