Trafikkulykke i Bremanger, to bilar involverte

DEL

Politiet melder onsdag klokka 14.40 på at det har vore ei trafikkulykke i Bremanger ved Geitebrua. To bilar skal vere involverte. Halv firetida står trafikken står på staden.

– Brannvesenet og ambulansen er no framme, dei involverte skal vere ok. Det ser ikkje ut til å vere anna enn mindre personskadar. Brannvesenet held på å flytte bilane på staden og bilberging er varsla, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firdaposten klokka 15.25.

Klokka 16.40 fortel Tenestestadsleiar Espen Gulliksen at det er veldig glatt på staden, og at det er uoversiktleg, men at det no skal vere framkommeleg for annan trafikk på ulykkesstaden.

Artikkeltags