Politiet starta søk i natt etter at dei såg dette bildet, no har vedkomande meldt seg.

FOTOGRAF PÅ JOBB: Personen som blei avfotografert i fjøresteinane vest for ulukkespunktet i Mekevika fredag, viste seg å vere ein fotograf på jobb og hadde ikkje tilknyting til dødsulukka.

FOTOGRAF PÅ JOBB: Personen som blei avfotografert i fjøresteinane vest for ulukkespunktet i Mekevika fredag, viste seg å vere ein fotograf på jobb og hadde ikkje tilknyting til dødsulukka. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Frykta for at nok ein person skulle ha forulykka i samband med utforkøyringa i Mekevika fredag, er over.

DEL

I går kveld blei det iverksett ein ny leiteaksjon i etterkant av dødsulukka i Mekevika i går, der ein person køyrde av vegen og i sjøen og mista livet.

Bildet blei teke torsdag ettermiddag klokka 13.30 av ei kvinne som tok eit bilde av seg sjølv med sjøen som bakgrunn. Dette var kort tid etter ulykka der ein mann køyrde i sjøen og blei funnen omkomen.

Då fotografen av bildet la merke til at det var ein person på bildet, tok vedkommande kontakt med politiet torsdag kveld.

Meldaren forklarte at det blei observert ein fotograf i same området og som truleg er i ferd med å fotografere. Vedkommande skal ha vore saman med ein person som blei observert, men dette er usikkert. På bakgrunn av dette sette politiet då i gang søk saman med mannskap frå Røde Kors.

- Til saman ni personar frå Røde Kors var i sving på sjø og land, og i tillegg fire politibetjentar, stadfestar tenestestadleiar Wenke Hope overfor Firdaposten fredag morgon.

Søket blei avslutta klokka to natt til fredag. I morgontimane fredag melde personen på bildet seg for politiet, då han hadde kjent att seg sjølv ut frå bildet som var publisert i lokale medier.

Det viste seg at vedkomande var i området for å fotgrafere, og det hadde ikkje samband med dødsulukka lenger aust på Riksveg 5.

Mann i 50-åra omkom etter utforkøyring 

Såg bilen køyre utfor: – Den tok salto i lufta, landa utanfor autovernet og rulla ned i sjøen. 

Artikkeltags