Skulle urinere, måtte bergast av politiet

Artikkelen er over 3 år gammel

Dei fire hadde ikkje redningsvest

DEL

Klokka 23.33 melde politiet om ein båt med fire personar som hadde gått rundt ved Årebrot. Den hadde kantra i samband med urinering, dette skriv BT.

Sea King og båt med politi og ambulanse drog så til staden. Personane er tatt med til Florø, skriv politiet på sin twitterkonto.

– Vi fekk naudmelding klokka 23.22 frå ein person i båten om at dei hadde kantra. Samtalen vart bråte, og politiet rykte ut på bakgrunn av dette, fortel operasjonsleiar i politiet, Inge Værøy til BT.

I politiet sin båt var det ambulansepersonell som undersøka dei fire etter dei var tatt om bord.

– Dei skal ikkje ha fått noko skade, utover å vere våte og kalde, held Værøy fram.

Båten var ein 14 fots open plastbåt. Det er ikkje stadfesta kven dei fire er, eller relasjonane mellom dei. Politiet mistenker ikkje rus.

Hadde ikkje redningsvest

Då redningsmannskapet kom til staden, var nesten heile båten gått ned. Personane derimot, hadde lagt på sym.

– Dei hadde komme seg bort til ein stake i nærleiken der dei vart funne. Dei var våte og kalde, men elles i fin form. Dei vart tekne med til lege for sjekk, fortel operasjonsleiar ved Vest politidistrikt Sogn og Fjordane, Olaug Holme til NRK.

Ingen av dei fire hadde redningsvest på seg, og Holme presiserer at folk som ferdast på sjøen, bør nytte redningsvest.

– VI vil sterkt oppmode om at folk nyttar redningsvest når dei er på sjøen, avsluttar Holme.

Artikkeltags