Arbeidsuhell på Trolleskjæret

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ein 58 år gammal mann har falle og er skada etter eit arbeidsuhell ved den kommunale kaia i Gunhildvågen. Ifølgje Helse Bergen er mannen alvorleg skada.  

Uhellet skjedde om bord i ein båt som låg til kai ved Trolleskjæret. Mannen fall mellom 3 og 3,5 meter ned i eit lasterom. Den skadde blei flydd til Haukeland med luftambulanse.

Politiet har gjort undersøkingar på staden, og sak vert oppretta.

Artikkeltags