Ambulanse køyrde i personbil

Ein ambulanse under utrykking køyrde i ein personbil. Ambulansen frakta ein pasient, og det måtte rekvirerast ny ambulanse til pasienten.

Ein ambulanse under utrykking køyrde i ein personbil. Ambulansen frakta ein pasient, og det måtte rekvirerast ny ambulanse til pasienten. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Det var full utrykking etter melding om ei trafikkulykke ved avkøyrsla til Fjord base i Florø.

– Det var ei påkøyrsle, vi har eit forholdsvis klart hendelsesforløp og saka vert etterforska vidare, fortel politibetjent Mads Kirkedelen.

Ambulansen var under utrykning, då den køyrde i personbilen. Totalt seks personar var involvert i ulykka.

Det er skade på begge køyretøya, men det er ikkje snakk om personskade.

Ulykka skjedde like etter klokka 12 torsdag.

Ambulansen hadde med seg ein pasient, og det måtte rekvirerast ein ny sjukebil som kunne ta med seg denne.

Artikkeltags