Ukjent skadeomfang, men liten fare for kollaps

Redningsmannskapet måtte evakuere frå tunnelen då ein lenge trudde det var fare for ein tunnelkollaps.

Redningsmannskapet måtte evakuere frå tunnelen då ein lenge trudde det var fare for ein tunnelkollaps. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Kor store skadane er, veit vi ikkje før fagfolka har undersøkt tunnelen.

DEL

Førebels er det ikkje mogleg å seie noko om kort stort skadeomfanget er inne i Skatestraumtunnelen, men det er no liten fare for at den fell saman.

Les også: Fryktar at tunnelen skal kollapse

Les også: Seks sendt til sjukehus

– Kor store skadane er, veit vi ikkje før fagfolk har undersøkt tunnelen. Det er likevel ingen grunn til å tru at tunnelen vil falle saman. På staden der tankvogna brenn er det i alle fall 40 meter med fjell over, seier fungerande avdelingsdirektør i vegvesenet i Sogn og Fjordane, Margot Aase Åsebø.

Åsebø kan ikkje seie noko om når det er mogleg å opne Skatestraumtunnelen igjen.

Les også: Kan bli stengd i månadsvis

– Dette er avhengig av skadeomfanget, og det er for tidleg å seie noko om. Vi må vente og sjå til vi har fått oversikt, seier Åsebø.

Medan Skatestraumtunnelen er stengd må trafikantane nytte omkøyring via ferjesambanda fv. 616 Oldeide-Måløy og fv. 614 Isane-Stårheim. Det vert også vurdert om det er nødvendig å setje inn ferje på det nedlagde sambandet Smørehamn-Kjelkenes.

Ekstrafeje på Stårheim-Isane går kontinuerlig inntil det ikkje er kø.