I morgontimane onsdag er all flytrafikk til og frå Flesland stengd ned.

Det fortel operativ sjef på Flesland, Øystein Skaar, til BA.

Den uidentifiserte dronen skal vere observert på fleire stadar av fleire personar.

– Luftrommet over Flesland er førebels stengt. Vi avventar situasjonen og er i dialog med politiet, seier Skaar til BA.

Ifølgje BA er flyforbodsområdet rundt Vestlandets viktigaste flyplass heile fem kilometer.

Ifølgje VG skal politiet no vere på plass både på flyplassen og på Haakonsvern.

Avinor ber no alle reisande om å følgje med på deira heimesider for å halde seg oppdatert på utviklinga.

Oppdatering kl.08.57: Øystein Skaar uttalar til bt.no at det er gjort vedtak om å opne lufthamna igjen.