I gang med nye Eikefjord skule

Artikkelen er over 5 år gammel

Det tok ikkje lange tida frå bystyrevedtaket til arbeidet med Nye Eikefjord skule var i gang.

DEL

– Allereie har UCO byrja sette opp brakkene som skal huse fire klassar frå paviljongen etter at paviljongen blir rive etter påske. No slepp vi vente før det skjer noko. Gleda frå vi fekk vite bystyrevedtaket har ikkje slokna før vi er i gang, strålar rektor Heidi Hunlestøl Aasen fredag og humrar:

– Det paradoksale er at brakkene har betre inneklima enn det paviljongen og skulebygget har i dag.

Det nye skulebygget skal ligge der paviljongen ligg. Over nyåret skal gamleskulen rivast, for å gjere plass til fleirbrukshallen som skal knytast til skulen.

Artikkeltags