Raudt har løfta debatten tidlegare. Kan eldre frå Florø-delen av Kinn kommune få tilbod om plass i Vågsøy når dei blir pleietrengande? Eller kan dei gamle i Vågsøy hamne i Florø når dei treng plass på institusjon? 

Dei viser til BDO-rapporten om ei eventuell deling av Kinn kommune, der det står at Måløy nyleg har fått auka talet på institusjonsplassar i samband med ferdigstilling av eit institusjonsbygg. 

Dårlegare tilbod

 – Det uttrykkas at dette vil kunne gi ein fleksibilitet til å betene personar på korttidsopphald frå Florø-sida, og at den moglegheita eventuelt fell bort ved ein kommunedeling fordi det då vil vere to separate kommunar, står det i rapporten. 

No tek Raudt spørsmålet opp til det øvste politiske organet i kommunen. I torsdagens kommunestyre har dei levert ein interpellasjon som tek opp dette spørsmålet. 

– Både eldre og pårørande uttrykker bekymring dersom kommunen skulle legge seg på ein praksis der eldre og pleietrengande skulle bli plassert i «motsett» del av kommunen. Alle må forstå at dette ville følast som eit dårlegare tilbod, både for dei som måtte få ein slik plass, men også for dei pårørande som ville kunne få redusert vesentleg mogelegheitene sine til å besøke sine kjære like ofte. 

Det skriv Raudt i interpellasjonen som er signert av Geir Oldeide. 

Avstand og reisetid

Han ber politikarane å seie klart ifrå til administrasjonen at det er ein praksis ein ikkje skal inn på.

– Avstand og reisetid gjer det uaktuelt å plassere pleietrengande frå Florøområdet på institusjon i Måløy, og omvendt, skriv han. 

Han spør om ordføraren kjenner til at det har førekomme slik plassering av pleietrengande som her er nemnt, og ber kommunestyre vedta følgande:

«Pleietrengande frå Florø-området skal ikkje tildelast plass i Måløy-området, og pleietrengande i Måløy-området skal ikkje tildelast plass i Florø-område»

Kommunestyret startar klokka 10.15 i kommunestyresalen på rådhuset i Måløy. Du kan følge det direkte her på Firdaposten, eller på kommunen sine sider. 

Les også

Skal vi verkeleg sende dei gamle i Flora på institusjon i Vågsøy?

Les også

Nei, Kinn kommune skal ikkje tvinge dei gamle i Flora på institusjon i Vågsøy