Gå til sidens hovedinnhold

Tysdagens kamp blir spesiell for Liverpool

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er 167 dagar sidan Liverpool sist spelte framfor eit publikum. I tysdagens kamp mot RB Salzburg vil det vere 1250 tilskodarar på stadion.

Liverpool starta sesongoppkøyringa laurdag. Det blei siger, 3-0, over det nyopprykte Bundesliga-laget Stuttgart. Tysdag er det klart for ny kamp. Det blir eit gjensyn med Red Bull Salzburg, som Liverpool sist møtte i gruppespelet i Champions League sist sesong.

Meistrane frå Austerrike vil gjere plass til 1250 supporterar på Red Bull Arena. Det betyr at Liverpool spelar framfor eit publikum for første gong sidan dei møtte Atlético Madrid heime på Anfield i mars.

Liverpool møter Arsenal i årets Community Shield-oppgjer allereie på laurdag. Det er difor venta at Klopp vil spisse laget noko meir enn han gjorde mot Stuttgart, der Liverpool byta ut heile laget i pausen.

Kampen kan du sjå på Direktesport med ditt Firdaposten-abonnement.

Kommentarer til denne saken