Tysdag er ingen i Kinn påvist smitta med korona

STATUS: Kommuneoverlege Jan Helge Dale slår fast at ingen i Kinn er så langt smitta med koronaviruset.

STATUS: Kommuneoverlege Jan Helge Dale slår fast at ingen i Kinn er så langt smitta med koronaviruset. Foto:

FLORØ: Uendra koronastatus i Kinn kommune.

DEL

– Tysdag er ingen i Kinn kommune påvist smitta med koronaviruset. I løpet av helga var 25 personar, i all hovudsak helsearbeidarar, testa. Alle prøvene var negative for korona. Måndag var ti personar testa. Svaret på desse prøvane kjem i løpet av ettermiddagen tysdag.

Det seier kommuneoverlege Jan Helge Dale til Firdaposten tysdag klokka 14.00.

Han legg til at det er i all hovudsak helsepersonell som vil bli testa for korona, slik at desse ikkje skal spreie smitte vidare til pasientar som kanskje er svake frå før. I tillegg blir dei sjukaste pasientane testa.

– I tillegg prøver vi å trappe ned på aktiviteten på legekontora, slik at vi har færrast mogleg plassar der folk kan samle seg og eventuelt spreie smitte. Når det er sagt kjem dei som må til doktor til doktoren. Vi køyrer dessutan veldig mange videokonsultasjonar, der pasienten blir undersøkt av legen gjennom appar som Facetime. Ved nokre tilfelle må det takast prøvar eller så må pasienten undersøkast fysisk. Vi har no oppretta eit eige kontor for dei som har blitt kalla inn til legeundersøking i NAV sine publikumslokale her på SMS, seier Dale.

Han strekar under at folk ikkje slepp inn i dette området utan avtale.

– Og så er det viktig å streke under at det ikkje er testing som tar knekken på koronaviruset, men at vi alle følger dei generelle smitteråda og held oss i karantene eller isolerer oss om det er naudsynt.

I tillegg minner kommuneoverlegen om at røykarar fort hamnar i risikogruppa, og at dagens situasjon bør vere ein glimrande motivasjon til å legge røykpakken vekk for godt.

Artikkeltags