Tre frå fylket i årets Farmen: – Eg skal få austlendingane i arbeid

FARMEN: Erik Rotihaug (24) er frå Nordfjordeid og er med i årets Farmen på TV2.

FARMEN: Erik Rotihaug (24) er frå Nordfjordeid og er med i årets Farmen på TV2. Foto:

Av

Erik Rotihaug (24) frå Nordfjordeid, Leif Haugo Stavenjord (53) og Agna Hollekve (47) frå Sogndal er med i årets Farmen på TV2.

DEL

FIRDA: – Eg skal få austlendingane i arbeid – vere litt hard med dei. Eg har enno ikkje sett ein austlening som kan arbeide, seier Erik Rotihaug (24) i ei pressemelding.

Rotihaug er frå Nordfjordeid og er septiktømmar og brannmann.

Han skal saman med 13 andre kjempe om å vinne årets Farmen på storgarden Lundereid i Sannidal utanfor Kragerø.

Årets program skal ta føre seg året 1919, og skal simulere eit gammalt Norge i oppgangstider, velstand og overflod.

– Om eg ryk ut mot ein Oslo-ladd, så kan eg ikkje reise heim igjen. Då er heile bygda imot meg, seier han.

– Eg er livredd høner

Agna Hollekve (47) er sjølvstendig næringsdrivande frå Sogndal. Ho er lidenskapeleg opptatt av dølahest, men ho er ikkje glad i alle dyr.

– At eg har kunnskap om hest kjem eg til å vere heilt open om. Men det er ein ting eg kjem til å skule, og det er at eg er livredd høner, seier ho og ler.

Farmen Classic Høsten 2019 Bildene kan kun brukes i av media i forbindelse med omtale av TV 2 eller TV 2s programmer.

Farmen Classic Høsten 2019 Bildene kan kun brukes i av media i forbindelse med omtale av TV 2 eller TV 2s programmer. Foto:

Hollekve beskriv seg sjølv som ei dame som stort sett er i godt humør, men det går ei grense for kor mykje fjas og tull ho tolererer.

– Det skal ikkje så mykje til. Det kan vere ein liten detalj. Dei verste er dei som ikkje gidd, eller som øydelegg og lyg. Nei, eg må prøve å huske at dette er eit spel, elles kjem det til å gå skikkeleg gale, seier ho i pressemeldinga.

– Målet er å vinne

Leif Haugo Stavenjord (53) er frå Årdal, men bur i Hemsedal. Han er anleggsarbeidar.

– Eg hadde tenkt å søke fleire gonger, og faktisk skreiv eg søknad eit par gongar utan å sende den inn, fortel Stavenjord.

Farmen Classic Høsten 2019 Bildene kan kun brukes i av media i forbindelse med omtale av TV 2 eller TV 2s programmer.

Farmen Classic Høsten 2019 Bildene kan kun brukes i av media i forbindelse med omtale av TV 2 eller TV 2s programmer. Foto:

Då TV2 spør han kva målet hans er, svarar han klart:

– Vinne. Eg har ikkje tenkt å kaste bort tolv veker. Eg skal vere meg sjølv, og eg er forholdsvis kald og hard i hovudet. Og så har eg bestemt meg for å halde meg langt unna alt som heiter for alliansar og tullball, seier han.

Artikkeltags