Gå til sidens hovedinnhold

TV2: Naustedøl blir finansminister

FIRDA: Sigbjørn Gjelsvik (Sp) frå Naustdal blir finansminister i Jonas Gahr Støre si første regjering. Det melder TV2.

Gjelsvik er opphavleg frå Naustdal, men er valt inn frå Akershus valkrins. Dei siste åra har han vore Senterpartiet sin finanspolitiske talsperson.

Han har vore sentral i regjeringsforhandlingane på Hurdal, og har store delar av forhandlingstida sete tvers over bordet for Arbeidarpartiet saman med partileiar Trygve Slagsvold Vedum og parlamentarisk leiar Marit Arnstad.

Vedum ligg på si side an til å bli kommunalminister, medan Arnstad ikkje blir statsråd og dermed blir sitjande på Stortinget. Partifelle Ola Borten Moe ligg an til å bli forsvarsminister, ifølge kanalen.

Det er venta at Støre legg fram ei ny regjeringsplattform onsdag.

Kommentarer til denne saken