No må folk halde seg heime

Gustav Johan Nydal og Jan Henrik Nygård er i godt humør under førebuingane til årets tv-aksjon.

Gustav Johan Nydal og Jan Henrik Nygård er i godt humør under førebuingane til årets tv-aksjon. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Søndag er her, og snart bankar nokon på hos deg.

DEL

Akkurat no er kantina til Sparebanken Sogn og Fjordan stappfull av bøssebærarar som skal ut og samle inn pengar til Regnskogen. Dei får ei siste brifing av Gustav Johan Nydal.

Gi så det monnar

- Hugs å ta med dykk klistrelappar som de heng opp dersom det ikkje er nokon heime, oppfordrar han.

For er du ikkje heime når bøssebærarane kjem, heng det ein lapp på døra til deg, der det står kvar du elles kan gi ditt bidrag.

- Som vanleg er florølandet delt inn i 24 roder der ein har 4-5 personer som sørgjer for at alle som bur i kvar rode får besøk. I tillegg  har vi frivilige i alle grendalag som sørger for at vi dekker hele kommunen, fortel komitéleiar Jan Henrik Nygård.

Med seg i komiteen for tv-aksjonen har han Gustav Johan Nydal, Bente Frøyen Steindal, Bente Nilsen, Bente Nygård, Arlene Vågene, Inger Alsaker og Odd Stubhaug.

Totalt er det rundt 150 personar i sving for å gi alle anledning til å gi pengar til årets TV aksjon. Bøssebærarane samlar seg i kantina til Sparebanken Sogn og Fjordane klokka 15.30 søndag for å hente materiell før de begir seg ut på vandring.

- Vi skal slå Førde!

- Hovudinnsamlinga går føre seg mellom klokka 16 og 18 på søndag, så då er det greit at folk held seg heime, smiler komiteleiaren, men legg til at det sjølvsagt også er høve til å bidra på andre måter, som via mobiltelefon og nettbank.

Fjorårets TV aksjon plasserte Flora heilt opp til teten i fylket, mykje grunna den store gåva fra Nortekstil på 200.000 kroner. I fjor gjekk pengane til  Kirkens Nødhjelp.

- Difor vi har lagt lista høgt før årets aksjon. Uansett hva som skjer så skal vi iallfall slå Førde, erklærer Nygård.

Tilsette ved Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø stiller på dugnad og sørgjer for at oppteljinga går føre seg etter alle kunstens reglar.

Her kan du lese kvifor regnskogambassadør Arve Sandal meiner det er viktig å ta vare på verdas regnskog.

Artikkeltags