- I Flora kommune har bøsseberarane samla inn 220.000 kroner i kontantar. I tillegg kjem pengar som er samla inn på andre måtar, og som vi per no ikkje har oversikt over, seier Gustav Johan Nydal i aksjonskomiteen.

Flora kommune var best i fylket på innsamla beløp frå bøsseberarane, medan Luster vart kommunen som kom ut med høgst snitt, med 63,86 kroner per innbyggar.

Men det gode vêret var nok med til å legge ein dempar på givargleda, eller rettare sagt, mange nytta nok høvet til å vere ute i staden for å halde seg heime og vente på bøsseberarane.

For fylket ligg snittet på nesten 42 kroner per innbyggjar, og det kvalifiserer til gjevartoppen på landsvasis i årets tv-aksjon for Regnskogfondet.

Totalt kom detinn 183.037.405 kroner i aksjonen. Det gir eit snitt per innbyggar på 35 kroner og 42 øre.