Søndag vert årets tv-aksjon arrangert. I år går midlane til Unicef, og pengane skal gje skulegang til born i krigs- og konfliktutsette områder.

Tradisjonen tru er kommunekomiteen i gang med å klargjere alt som skal til for å gjennomføre ein god tv-aksjon i Flora kommune.

Kommunekomiteen i år består av Arlene Vågene, Gustav Johan Nydal og Inger Alsaker, og tysdag kveld var dei samla på Flora ungdomsskule for å klargjere bøsser og fordele rundt rodene for bøsseberarane.

Det er mykje som skal på plass når hundre og femti bøsser skal rundt i kommunen.

– Det er ein god tradisjon å hjelpe til der det trengs. Og tv-aksjonen er ei fantastisk anledning å bidra, år etter år. Årets aksjon som går til Unicef bør mobilisere og engasjere mange. Utdanning til barn og unge er noko av det viktigste vi kan bidra til i verda, seier Arlene Vågene, leiar i kommunekomiteen for tv-aksjonen i Flora.

Sjølv om teknologien no også har innhenta tv-aksjonen, og ein kan gje både via Vipps og sms, er bøssene hovudfokus i den tradisjonsrike søndagsturen. Så dei oppfordrar folk om å vere klare og ha kontantane klare når det ringer på døra.

– Ver klar og ha kontantane klare når bøsseberarane kjem. Det er viktig å ta godt i mot alle som engasjerer seg. Vi har folk som går i Florø by og i alle grendene i kommunen. Det er fleire hundre frivillege i sving i kommunen denne søndagen. Det står det respekt av, seier Gustav Johan Nydal.

Eit av fem barn i krigs- og konfliktområder er i dag utan skulegong. Når barn i krig og konflikt ikkje får utdanning, står eit heilt lands framtid på spel.

Årets TV-aksjon skal gje skulegang og håp til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan. UNICEF arbeider hardt og målretta for at barn ikkje skal få ødelagt framtida på grunn av vaksnes krigar og konflikter, fortel dei.

Oppmodinga deira er klar:

– Bli med på verdas største dugnad på søndag. Ta godt i mot bøsseberarane!

blimed.no kan du lese meir om aksjonen. Der kan du og melde deg som bøsseberar.