Flora samla inn mest i heile fylket

BØSSEBERARAR: Nokre av kveldens bøsseberarar. Frå venstre Wenny Irene Hansen og dottera, Astrid Eliasson Kathiresu Willis, Mira Kathiresu Willis, Hilmar Eliasson, Jacob Nødseth.

BØSSEBERARAR: Nokre av kveldens bøsseberarar. Frå venstre Wenny Irene Hansen og dottera, Astrid Eliasson Kathiresu Willis, Mira Kathiresu Willis, Hilmar Eliasson, Jacob Nødseth.

FLORØ: Florafolk opna lommebøkene og samla inn 758.569 kroner til tv-aksjonen søndag.

DEL

Flora sine 11.852 innbyggarar samla dermed inn mest i heile fylket.

Fordelt på bidrag per innbyggar kom vi på åttandeplass i fylket, med 64 kroner per innbyggar. Dette er 22,53 kroner over landsgjennomsnittet.

Det er også nærare 160.000 kroner meir enn vi samla inn i 2018.

Totalt vart det samla inn 220.622.095 kroner til tv-aksjonen «No er det hennar tur», som går til inntekt for Care sitt arbeid for dei mest utsette kvinnene i verda.

Bremanger kommune samla inn 243.181 kroner, og kom på sjuandeplass i fylket over beløp per innbyggar, med 65,64 kroner per person.

Sjå statistikk og tal frå tv-aksjonen her: Giverstafett

Artikkeltags