TV 2 Play vart torsdag utsett for dataangrep frå utanlandske IP-adresser. Angrepet fører til at 18.000 kundar må byte passord. Også tv2.no har vorte angripe.
TV 2 Play vart utsett for angrepet torsdag og tv2. no natt til fredag og fredag kveld.
– Angriparane nytta mellom anna passord som er lekne på nettet for å logge seg inn. Brukarar som har same passord på ulike tenester kan derfor vere ramma, seier pressesjef Jan-Petter Dahl i TV 2.
For å verne TV 2s kundar mot misbruk, er alle ramma kontoar sperra og passord er tilbakestilt. 18.000 kundar hos strøymetenesta TV 2 Play må dermed byte passord for å få tilgang til tenesta igjen.
Natt til fredag var også Tv2.no nede i to timar, og TV 2 trur dette har samanheng med angrepet mot TV 2 Play.
Også fredag kveld har tv2.no vore nede fleire gonger.
– Vi trur at dette har samanheng med dei tidlegare angrepa mot TV 2 Play, seier TV 2s pressesjef.
Datatilsynet er rutinemessig varsla, og TV 2 er også i dialog med Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).
(©NPK)