Turlaget inviterer til ungdomscamp på Kinn i haustferien

STORSLÅTT: Kinn sett frå Kinnaklova.

STORSLÅTT: Kinn sett frå Kinnaklova. Foto:

Spennande aktivitetar og vill vestlandsnatur - kan ferie bli betre?

DEL

Siste helga i haustferien, 9.-11. oktober, vil DNT Sogn og Fjordane invitere til noko nytt, nemleg ein mini-basecamp på Kinn.

Frå fredag til søndag skal blir unge mellom 14 og 16 år inviterte til å bu på turlagshytta på Kinn og delta i ulike aktivitetar, som fridykking, fisking, og tur til Kinnafjellet.

På basecampen møter du ein eller to turleiarar, som vil følgje gruppa gjennom dagane, og som vil ta deltakarane gjennom fridykkinga. Kanskje lærer ein noko nytt om havet og kva ein kan ete? DNT ung Sogn og Fjordane har det som trengst av naudsynt utstyr for å prøve fridykking, men om ein har eige utstyr, må ein gjerne ta det med. Berre hugs at våtdrakta må være minst 5 mm tjukk. Ein treng inga tidligare erfaring med verken fridykking eller basecamp, her er alle velkomne, heiter det i pressemeldinga.

Tanken er å ta rutebåten ut til Kinn fredag ettermiddag, og ein overnattar på turlagshytta på Kinn. Her er for tida åtte sengeplassar i sovesal og eit rom. I praksis vil det vere eit guterom, og eit jenterom. Men matlaginga blir på fellesen på det trivelege kjøkkenet på hytta gjennom heile helga.

Turlaget minner om at det er avgrensa tal plassar, og at det er fyrstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Du kan melde deg på på nettsidene til Flora Turlag, eller Sogn og Fjordane Turlag.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken