Ein time før midnatt tysdag kom meldinga om at Naustdalstunnelen var stengd.

Årsaka var ikkje ukjend: Ein person vandra til fots gjennom den nesten seks kilometer lange tunnelen, og då er reglane klare: Tunnelen blir stengd for all trafikk til "gjerningspersonen" er fjerna.

Den jobben tok politiet seg av. Like før midnatt melde Vest politidistrikt via sin twitterkanal at dei hadde oppsøkt vandraren og frakta vedkomande ut av tunnelen.