FIRDA: Sunnfjord kommune fekk nyleg vite at dei får 2,7 millionar kroner til sommarskuletilbod:

– Eg måtte klype meg i armen då eg såg summen! Eg trudde vi berre skulle få nokre hundre tusen, seier Turi Bruland, utviklingskoordinator for fagutvikling i Sunnfjord kommune.

Musikal, idrett og mykje kjekt

Gjennom tre veker i sommar skal barn og unge i kommunen få tilbod om fleire aktivitetar:

– Vi satsar på eit variert opplegg, med alt frå fotball, musikaloppsetting, sommarles på biblioteket, symjing og mykje anna kjekt. Vi har gått breitt ut og invitert med lag, organisasjonar og private aktørar. Også kulturskulen og teateret er med, seier Bruland.

Tanken er å gje tilbod i heile kommunen, og då er arrangørane også avhengige av samarbeid med ulike lag og organisasjonar.

– Nokre stader er det allereie planlagt aktivitetar, og då tenkjer vi å få til eit samarbeid med dei som arrangerer desse.

Ho nemner mellom anna Tine sin årlege fotballskule og sommaridrettsskulen.

Sommarskulen skal vere gratis, og foreiningar og lag som går inn i opplegget, får dekka sine utgifter.

– Kvifor arrangerer de sommarskule?

– Regjeringa har løyvd totalt 500 millionar med koronamidlar til sommarskular. Det er ein slags kompensasjon til elevar etter eit utfordrande år. Det skal gi elevane ein sjanse til å hente inn fagleg aktivitet, men det er ingen strenge krav til skulefagleg innhald, seier Bruland.

Ho legg til at trivsel og aktivitet i lag med andre uansett gir utvikling og verdifull læring.

– Vi håpar at barn og unge vil melde seg på tilboda, og at dei får positive opplevingar i sommarskulen. Det fortener dei verkeleg, etter eit utfordrande år.

Jaktar sommarskulerektor og studentar

Kommunen søkjer no etter studentar som skal vere med og drifte opplegget, og ifølge kommunalsjef for skule Åge Stafsnes skal dei også skaffe ein sommarskule-rektor.

Ein del ungdommar som har søkt sommarjobb i kommunen, vil også få tilbod om å jobbe i sommarskulen.

– Kan det bli fleire sommarskular seinare år?

– Førebels er det berre i år, men dette er noko fleire andre skular driv med, så vi må evaluere og sjå kva vi får til vidare. Det kjem også an på om vi får meir midlar.

I hovudsak for 5. klasse og oppover

Tanken er at sommarskulen skal vere dei to første vekene i skuleferien og den siste før skulestart.

– Det skal vere variert, og med både fagleg og fysisk innhald, seier Bruland.

I hovudsak er det 5.–10. klasse som får tilbod om sommarskule, men nokre av aktivitetane er også for yngre elevar, mellom anna fotballskulen til Tine.

Bruland presiserer at dei enno er tidleg i prosessen og at mange detaljar må på plass.

– Det som no er utfordrande er at vi har kort tid på oss til å planlegge. For å gje tilbod til nesten 1900 elevar er det ein omfattande logistikk som må på plass. Vi treng også å vite meir om kva tilbod ungane sjølve ønskjer, og difor har vi fått ein gjeng med 9.-klassingar på Førde ungdomsskule til å gjere ei lita undersøking blant skuleelevane i Sunnfjord.

– Får alle som ønskjer det plass?

– Vi har som mål å gi tilbod til alle dei 1900 elevane i 5.–10 klasse, og så håper vi også å nå dei yngre elevane med nokre av tilboda.