FIRDA: Klokka 14.22 melder Vest politidistrikt at ein person er skårfast i eit bratt terreng ved Skeistølen, like nordvest for Førde sentrum.
– Vi gjer eit forsøk på å få heisa ut turgåaren no, opplyser redningsleiar Jan Erik Skorpe ved Hovedredningssentralen i Sør Norge til Firda litt før klokka 15.00. Vedkomande sit vanskeleg til i eit skar eit stykke oppe i fjellsida.
Hovudredningssentralen (HRS) opplyser til Firda at personen ikkje er skadd.
Redningshelikopter frå Florø er på staden.
Turgåaren vert seinare meldt å vere ei kvinne, og at ho skal vere i kontakt med Hovedredningssentralen. Det skal også vere firt ned ein redningsmann i terrenget nær kvinna: