Turfølgje finn ikkje vegen vidare frå Skålefjellet – politi, Røde Kors og Norske redningshundar er på veg

DEL

Politiet har fått melding om at eit turfølge på seks personar er usikre på kvar dei skal gå for å komme vidare til ein støl på Skålefjellet ved Stavang. Dei har gått opp frå Ausevika i Kinn kommune.

Redningsmannskapa kjenner posisjonen til turfølget, og har vore i kontakt med dei på telefon.

– Det er eit turfølge på seks personar. Tre vaksne og tre barn. Den eldste er 72 år, den yngste åtte. Dei har god kapasitet på telefonen, og dei har godt med mat, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Turfølget var på veg mot ein støl i området der dei planla overnatting, men har komme utanfor stien og fram mot ei fjellhylle.

– Dei er usikre på kor dei skal gå, og vi har sendt ein innsatsleiar til området. 4 personar frå Røde Kors og ein hundeekvipasje frå Førde er på veg for å møte dei. Alt tyder på at dette skal ende bra, seier Kolltveit.



Artikkeltags