Seks sendt til sjukehus

Redningspersonell på veg til Skatestraumtunnelen.

Redningspersonell på veg til Skatestraumtunnelen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Ulykka i Skatestraumtunellen er framleis ikkje under kontroll

DEL

Klokka 10:35 melder alarmsentralen om at ein tankbil er køyrt i fjellveggen i Skatestraumtunellen, Bremanger på fv. 616. Det er førebels ingen personar som er hardt skada, men seks er sendt til sjukehus etter å ha pusta inn røyk.

Klokka 13:11 melder politiet at alle i hjelpemannskapet no blir trekt ut frå tunnelen då det er vanninnsig i undervasstunnelen og ein fryktar at den skal kollapse. Det er ikkje grunn til å tru at det er folk igjen inne i tunnelen og det er sett opp eit psykososialt kriseteam for dei som har vore involvert i ulykka.

– Det som er skjedd er at ein tankbil har mista hengaren i bunnen av tunellen og tanken har eksplodert, seier 110-operatør, Oddbjørn Aune.

Bilen, frå Måløy Haveservice, var på veg til Florø, og skal inneholde 16.500 liter bensin. Politiet melder at hengaren stod i brann i lang tid etter eksplosjonen.

Vegen er stengd og alle utrykkingsetatar blei sendt til staden. Heile brannkorpset frå Bremanger er på staden og brannvesenet sendte og folk frå Eikefjord, Vågsøy og Florø.

– Det er mykje ressursar på veg, og den aller første bilen skal vere komen fram til staden, opplyser Aune litt over klokka elleve.

Tilhengar på bensintankbil eksploderte og brann opp i Skatestraumtunnelen i Bremanger.

Tilhengar på bensintankbil eksploderte og brann opp i Skatestraumtunnelen i Bremanger. Foto:

– Føraren av tankbilen skal sjølv ha køyrt bilen ut av tunnelen, men vi er framleis usikker på om det er fleire menneske inne i tunnelen. Dei første røykdykkarane er på veg inn, seier Aune. 

13 ute av tunnelen

Klokka 11:54 melder politiet at seks personer er evakuerte frå hamna på nordsida (Rugsund) og tre personar er evakuert frå bustader som som ligg aust for tunnelen. Totalt er 13 personar ute av tunnelen.

Undervasstunnelen er 1,9 kilometer lang og 91 meter på sitt djupaste. 

Vitne

Kjell Idar Restad, frå Kalvåg, var vitne til eksplosjonen.

– Eg og sonen min kom køyrande og skulle inn i tunnelen, men blei stoppa av to menneske og ein bil som sperra vegen. Dei fotalde at ein bensinhengar stod i full fyr inne i tunellen og vi såg ein veldig røyk sige ut av tunnelen. Vi høyrde to store eksplosjonar medan vi stod der, seier Restad til Firdaposten.

Skatestraumtunnelen- undersjøisk tunnel

Skatestraumtunnelen- undersjøisk tunnel Foto:

Artikkeltags