Ikkje lenger frykt for at tunnelen skal kollapse

Artikkelen er over 4 år gammel

Det sig vatn inn i den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger. No fryktar politiet at tunnelen kan kollapse.

DEL

Klokka 13:11 melder politiet at alt hjelpemannskap er trekt ut frå tunnellen der ein bensintank krasja i fjellveggen i bunnen av Skatestraumtunnelen tidlegare i dag og tok fyr.

SISTE: Det er ikkje noko fare for at tunnelen skal kollapse

- Vi fekk beskjed om at det hadde begynt å sige inn store mengder vatn. Dette ser ut til å vere feilinformasjon. Varmen har ødelagt ein vassmålar. Dette førte til at pumpene starta og tømde eit vassbasseng som alt ligg under tunnelen, seier Thorbjørn Thue, innsatsleiar på staden, til NRK.

– Det lekk svært mykje vatn inn i tunnelen og vassnivået stig fort. Difor har vi trekt ut alt av mannskap og stenger av tunnelen. Mest sannsynleg vil heile tunnelen bil fylt med vatn, sa innsatsleiaren tidlegare i dag.

Sjå video nedst i saka.

Ikkje fullført søket

– Vi har no evakuert tunnelen då faren for kollaps var uavklart. Det siste vi har fått vite frå Statens vegvesen er at sensorane som skal måle vasstanden er ute av drift, seier Jørn Refsnes i politiet.

Røykdykkarane hadde 250 meter igjen med søk då det blei varsla om evakuering. Det siste frå operasjonssentralen er at det framleis brenn i bensintanken.

– Men vi kjenner oss svært sikre på at det ikkje er fleire personar att i tunnelen, seier Refsnes.

Pumpesystemet i bunnen av tunnelen skal vere ute av drift etter varmen frå brannen og vatnet renn inn i undersjøtunnelen som på det djupaste er 91 meter. Brannen skal og ha ført til ein lekkasje i fjellet og vatnet skal ha stege ein meter på to minuttar.

– Vi har enda ikkje full oversikt over situasjonen, men trafikken må bruke ferjesambandet Ståheim-Isane og Måløy-Oldeide, seier presseansvarleg Helge Rogn i Statens vegvesen.

– Det siste eg høyrde var at vatnet var stege 11 meter, og det er få minutt sidan, seier brannmann Jens Sigdestad til Firdaposten.

13 ute av tunnelen

Klokka 11:54 melder politiet at seks personer er evakuerte frå hamna på nordsida (Rugsund) og tre personar er evakuert frå bustader som som ligg aust for tunnelen. Totalt er 13 personar ute av tunnelen.

Undervasstunnelen stod ferdig 2002, er 1,9 kilometer lang og 91 meter på sitt djupaste. 

Firdaposten oppdaterer saka.

Artikkeltags