Onsdag skal det utførast vedlikehald i tre tunnelar i Bremanger, skriv Statens vegvesen.

Det gjeld dei tre tunnelane Holnestunnelen, Krakeviktunnelen og Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616.

Trafikken vil bli køyrd med følgebil, og det kan bli venting på opp mot 30 minutt.

Skatestraumtunnelen vil vere stengt i inntil 30 minutt fram til klokka 21.00 29. januar. Der blir det gjennomkøyring med følgebil.

Haukåtunnelen vil vere stengt i periodar på grunn av vegarbeid. Arbeidet vil gå føre seg fram til 31. januar. Den vil vere stengt måndag frå 00.30 til 05.15, og tysdag til torsdag frå 21.30 til 05.15 neste dag. Tunnelen vil vere open for gjennomkøyring klokka 22:45 til 23:00 og klokka 00:15 til 00:30.